Endringane blir lagt fram i statsråd i dag, og trer i kraft 1. januar 2021.

I dag er bota på 1.700 kroner og ein får to prikkar ved bruk av mobil ved køyring. Regjeringa innførte prikkbelastning for mobilbruk i bil i 2019.

– Det har ikkje hatt den venta effekten. Vi må derfor ty til sterkare middel. Med høgare bøter og enda ein prikk, håper eg sjåførar ser alvoret i dette. Det skal vere så trygt som mogleg å vere i trafikken. Da må alt fokus vere på det som skjer når ein køyrer, seier Hareide.

– Det er viktig at politiet har sanksjonstiltak som både verkar førebyggjande og får konsekvensar for dei som bryt lova. Dette er ein kraftig auke som eg håper får folk til å tenkje seg om. Det er ikkje akseptabelt å bruke mobiltelefon når ein køyrer bil, og derfor får du no svi dersom du gjer det, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Frå nyttår av blir altså bota på 5.000 kroner, og du får tre prikkar, om du blir tatt for å køyre bil og bruke mobil samstundes.

I tillegg blir satsane for alle forenkla førelegg auka. Det er fordi dei ikkje har vore endra sidan 2018. Auken er tilsvarande konsumprisindeksjusteringa frå 2018 til 2020.

– Bøter skal vere avskrekkande. Da må vi sørge for at dei held eit nivå som er i takt med prisutviklinga, seier samferdselsministeren.

– Håpar folk tar ansvar

Fagsjef på motor i Frende forsikring, Roger Ytre-Hauge, fortel at forsikringsselskapet og UP tidlegare i haust gjekk saman for å be om strengare straff for mobilbruk i bil.

No håpar han at folk tar ansvar:

– Dette er ein livsfarleg uvane. Dette er ein tydeleg og kraftig skjerping som kjem til å svi i lommeboka for mange, seier han.

Ei undersøking Norstat har utført for Frende viser at heile 43 prosent seier at dei sjekkar mobilen mens dei køyrer bil.

– Det er skremmande at nesten halvparten sjekkar mobilen bak rattet. Du utset deg sjølv og ikkje minst andre for livsfare med slik oppførsel, seier fagsjefen i Frende.

(Saka held fram under bildet)

Distraksjon knytt til mobiltelefon eller anna utstyr skal vere medverkande årsak til 12 dødsulykker i 2019, ifølge UP. I 2019 registrerte UP og politidistrikta til saman 16.365 saker med ulovleg bruk av telefonen.

Dobbelt så mange menn som kvinner svarer at dei sjekkar mobilen ofte mens dei køyrer, fortel Ytre-Hauge.

Det er også ein klar overvekt av menn som seier dei av og til sjekkar telefonen sin bak rattet.

De yngste er verst

I aldersgruppa 18–29 år seier heile 2 av 3 at dei sjekkar mobilen ofte eller innimellom når dei køyrer.

– Dei unge er vant til å sjekke mobilen ofte, det er berre å sjå seg rundt på bussen. Eg forstår at nysgjerrigheita vert trekt mot ein mobil som lyser opp mens du køyrer, men du kan ikkje la deg freiste. Sett mobilen på «ikkje forstyrr», så unngår du freistinga, seier Ytre-Hauge.

Blant dei eldste, som ikkje har hatt mobilen med seg i oppveksten, er situasjonen ein heilt annan.

– Blant dei over 60 er det berre 15 prosent som seier at dei sjekkar mobilen frå førarsetet, seier fagsjefen i Frende Forsikring.


Desse aldersgruppene sjekkar mobilen mens dei køyrer:

18–29 år: 67 prosent

30–39 år: 66 prosent

40–49 år: 59 prosent

50–59 år: 38 prosent

60+: 15 prosent

(Kilde: Frendeundersøkinga)

Her bur dei som sjekkar mobilen bak rattet:

Vestland: 46 prosent

Oslo: 45 prosent

Sørlandet ink. Telemark og Vestfold: 44 prosent

Austlandet: 42 prosent

Midt-Norge: 41 prosent

Nord-Norge: 38 prosent

(Kilde: Frendeundersøkinga)