Kommuneoverlege i Kinn, Kjell-Arne Nordgård opplyser at ei ny tilråding ifrå FHI ber dei over 75 år å ta den femte koronadosen.
– Dette er den nye tilrådinga og vi held no på med å planlegge gjennomføreinga, forklarer Nordgård.
Tilrådinga gjeld berre for gruppa over 75 år. Førstkommande torsdag er det ope for vaksinering klokka 15.00 i Måløy og klokka 16.00 i Florø.
– Vi ser gjerne at dei interesserte skal bestille time i forkant slik at vi på best mogeleg måte kan disponere ressursane for å gjennomføre vaksineringa, seier smittevernoverlegen.
På denne linken kjem du til helsenorge.no der du kan bestille vaksineringstime.
– Det er mange i denne gruppa som ikkje er heilt dus med å bestille legetime på nett. Kva skal dei gjere?
Ring om du vil
– Dette har vi full forståing for, og det er berre å ta kontakt med legegruppa på SMS i Florø på telefon 57758000 eller legekontoret i Måløy på telefon 57845230 , eller berre møte opp på torsdag klokka 15.00 i Måløy eller klokka 16.00 i Florø.
Han legg også til at få personar i gruppa har meldt si interesse kring den femte vaksinedosen. Likevel har kommunen bestilt inn tilstrekkeleg med vaksiner, slik at dei som ønskjer det i målgruppa skal kunne bli betre beskytta. Og han håpar mange vil nytte seg av tilbodet.
– Kva med dei som ikkje er i denne målgruppa?
– For desse er det slik at dei vanlege tilrådingane av første-, andre og tredje dose som er gjeldande. Dei som er i andre grupper har ikkje behov for ei femte. Men ny tilråding ifrå FHI sier at dei over 75 år kan ha godt av ein femte vaksinedose no seks månader før vintersesongen då den neste oppfriskingsdosen skal settast.
Få alvorleg sjuke
No er det mange som no er sjuke med tradisjonell luftvegssmitte i tillegg til at det er nokre som har fått positive utslag på koronaprøvene. Men det klart positive er at sjølv om mange har luftvegssjukdomar no, er det få som blir alvorleg sjuke.
Detkjem av det etablerte vaksineringsregimet det no blir styrt etter.
– Eg håper så mange som mogeleg i gruppa over 75 år melder si interesse. Og vil ein nytte seg av moglegheita av å ta den femte dosen, ber vi dei å ta kontakt slik at vi kan planlegge gjennomføringa så godt som mogeleg, avsluttar Nordgård.