Gamle Vågsøy og gamle Flora kommune hadde ulikt skattenivå på eigedomsskatten. I Kinn kommune er dei pålagde å harmonisere eigedomsskatten i nordre og søndre del av kommunen. Den skal gjerast meir lik. Difor må kommunen no ut og sjekke eigedommane i Kinn kommune på nytt.

Måløy24 skriv at arbeidet med retakseringa av eigedommane i Kinn kommune startar opp den 19. august.

Fagkyndige folk skal ut i felten og undersøke kvar einaste eigedom opp mot det som er registrert i matrikkelen. Arbeidet er venta å verre ferdig mot slutten av november.

Om du ønsker å vere til stades når kommunen sine folk kjem på synfaring må du gje kommunen beskjed om dette.

Det gjer du ved å sende ein e-post til [email protected]