Er du jente, likar hjortejakt og har lyst å prøve deg i nye marker? Då kan Flora JFF og Norsk Hjortesenter sitt felles tilbod vere noko for deg – om du er jente, vel å merke. I år gjer arrangørane ein vri, og opplegget er open for alle, ikkje berre heilt ferske jegerar.

Opplegget på Svanøy går av stabelen helga 22. til 24. november og består av ei komplett pakke som inkluderer både jakt, losji, guiding og tilgang på ettersøkshund. Laurdagskvelden blir det stor fellesmiddag for deltakarane.

– Resten av måltida sponsar vi i Flora JFF, seier lokalforeininga si kvinnekontakt, Ellinora Høyvik Grimelid.

Er du heldig og sikrar deg plass på jentejaktlaget, er det naturleg nok ein del krav du må stette.

– Du må vere NJFF-medlem, ha teke jegerprøva og du må ha bestått årets skyteprøve med det våpenet du brukar på jakt. Du må også framlegge kvittering for betalt jegeravgift, skriv Grimelid på Flora JFF sine sider.

Er du interessert i å bli med på ei hjortejakt litt utanom det vanlege, så finn du informasjon om påmelding på Norsk Hjortesenter sine heimesider.