I årevis har BAdesKen fleipa med og hylla norske lokalaviser. Til hausten kjem eit nytt TV-konsept basert på den populære Instagram-kontoen i Amedia sine nettaviser. Duoen Ken André Ottesen, betre kjend som BAdesKen, og komikar og manusforfattar Paul Håvard Østby, som for tida er aktuell med showet Urbane totninger på Chat Noir, skal lage ein ny nettserie for Amedia.
Konseptet er basert på Ottesens Instagram-konto, der han dagleg presenterer små og store saker frå lokale medier i Norge for ein stor følgarskare.
Heilt kjendisfritt
– Sjåarane kan vente seg eit kjendisfritt og underhaldande skråblikk på dagens Norge. Vi skal løfte fram fine, rare og morosame avissaker om heilt vanlege menneske som hamnar i uvanlege situasjonar. Ingen blir stemt ut og ingen skal krangle. Det blir reisereportasjar, kåringar, konkurransar og mykje tullball. Serien er ein godhjarta flik av verkelegheita, slik den er for dei aller fleste av oss. Den er av folket, med folket og for folket, seier Ottesen.
Til no har mykje av Amedias videoinnhald dreia seg om sport og vore eksklusivt for abonnentar. BAdesKen derimot vil vere annonsefinansert, og ope tilgjengeleg med reklame. Serien har premiere i september.
Jostein Larsen Østring, konserndirektør for nyheiter og abonnement, er glad for å kunne tilby dette innhaldet til alle Amedia sine aviser.
Går i 14 veker
– Ken André Ottesen sine blinkskot har vore diskutert i mange redaksjonar i Amedia. Mange av avisene våre synest det er stor stas når han tar tak i deira saker og titlar, i tillegg til at han har fått eit stort publikum også utanfor redaksjonane i heile landet. No får avisene sjansen til å publisere ei vekentleg sending i 14 veker i haust, og det gler vi oss til, seier Østring.
Ken André Ottesen seier det kjennest naturleg å utvide BAdesKen til eit TV-format, og at dei i kvar episode vil ta føre seg det beste frå nyheitsveka i norske lokalaviser.
– Eg hadde 18 lykkelege år som lokalavisjournalist i Amedia-aviser. Eg har eit nært og sterkt forhold til lokalaviser, så det var heilt naturleg at vi søkte samarbeid med landets største eigar av lokalaviser når vi skulle gjere dette. I serien skal vi vise at Norge ikkje berre er verdas beste land, men også det mest morosame. Heldigvis er det mange herlege, vanlege, artige folk i dette landet, seier Ottesen.