No skal bestemor på nett

FLORØ: Banksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø, Ole Aukland fekk ikkje besøke den 93 år gamle mor si på Furuhaugane Omsorgssenter då korona-krisa kom. Søndag kom han på ei løysing. I veka lanserte han ideen i banken og der møtte han samla tilslutning.