Sommaren 2022 starta arbeidet med nye Nepjarhaugen barnehage i Florø.

No er grunnarbeidet ferdig og sjølve bygginga har starta. Den nye barnehagen skal stå klar til barnehagestart i august 2023.

– Grunnarbeid med støyping av kjellar og ringmur er ferdig, og no startar ein med å reise stålsøyler for første etasje, melder Kinn.kommune.

Bygget skal ferdigstillast til nytt barnehageår i august 2023. Dagens barnehage vil vere i bruk fram til den nye barnehagen er klar. Då skal dagens barnehagebygg rivast.

Dalvegen barnehage og Nyheimvegen barnehage skal også flytte inn, og vil saman utgjere nye Nepjarhaugen barnehage. Gro Hovland vert styrar for den nye barnehagen.

Nye Nepjarhaugen barnehage vil ha 80 plassar fordelt på 4 avdelingar for barn i aldersgruppa 0–6 år. Bygget skal vere eit framtidsretta barnehagebygg som varetek behovet for fleksibilitet i høve barnehagedrift.

Det var tilbake i 2011 at Flora bystyre gjorde vedtak om ny barnehage som erstatning for Dalvegen, Nyheimsvegen og Nepjarhaugen – tre barnehagar som held til i gamle og lite effektive bygg som ikkje stettar nye krav til arbeidsplassar, matservering og effektiv barnehagedrift.