FIRDA: «Ein dønn ærleg og dønn sakleg debatt», var oppsummeringa til ordførar Ola Teigen (Ap), då han avslutta ordskiftet i samfunnshallen på Tennebø onsdag ettermiddag. Då hadde 21 av representantane sagt ja til å gå vidare med det som både stortingsrepresentantar og journalistar har omtalt som Norges raraste kommune. Spesielt i riksmedia har det vore viktig å fortelje om att og om att, at det er verdsrekord i dumskap å lage ein ny kommune av to kommunar som ikkje grensar mot kvarandre.

Det tenker eg vi må slutte med. Alle som følgde debatten i Kinn kommunestyre skjønnar at denne brennheite saka har vore ei ekstrem påkjenning for politikarane i Kinn. Oppdraget deira er å sikre dei 16.000 innbyggarane best mogleg kommunale tenester, dei skal vere ein utviklingsaktør på kysten og også vere synleg på den nasjonale arenaen når vegmidlar og anna skal fordelast utover landet.

Midt i alt dette må politikarar, kommunetilsette og også innbyggarane i Kinn få høyre at dei bur i Norges raraste kommune.

Heller ikkje politikarar som ønsker seg ei deling bruker ordet «rar» om Kinn. Kommunepolitikarane veit at dei har tatt på seg eit stort ansvar når dei tek standpunkt i saka – uansett utfall så får dette store konsekvensar for framtida til alle som bur i kommunen.

På bordet onsdag låg altså resultatet av ei veke gammal folkerøysting som viser at kommunen er delt på midten i synet på om Flora og Vågsøy skal stå opp att slik dei var før 2020. Berre 44 innbyggarar utgjorde det knappe fleirtalet som meiner det er rett å gå vidare som Kinn.

At innbyggarane er delte på midten gjorde saka endå vanskelegare. Folk i Kinn er i villreie, og kom aldri med noko eintydig råd slik ein gjerne håpar når ein tyr til folkerøystingar. At berre 53 prosent av dei stemmeføre møtte opp for å seie meininga si, gjorde jobben til politikarane endå verre.

Gav vanlege folk blaffen i kva kommune dei høyrer til, eller visste folk rett og slett ikkje kva dei skulle meine om saka?

Sjølv håpar eg Kinn består. Som innbyggar i storkommunen Sunnfjord kjenner eg på verdien av å bu i ein stor, veldriven kommune som også har nådd fram i kampen om å bli sett også på den nasjonalpolitiske arenaen.

Fram til no har det vore vanskeleg for utanforståande å sjå slike takter i Kinn. Mens ordførar Jenny Følling (SP) markerer seg i stort og smått, sikrar rasmidlar frå statsbudsjettet og i lag med Olve Grotle (H) har sikra store og viktige vegprosjekt plass i Nasjonal Transportplan (NTP), så har kollegaen i vest meir enn nok med å halde drifta i eigen kommune gåande.

Det er uansett fullt mogleg å skape ein berekraftig og offensiv storkommune også av Kinn. Men først må dei få ro rundt eiga framtid.

Det verste som kan skje no er at regjering og Stortinget rotar dette til. Det er slett ingen grunn til at rikspolitikken skal invitere til nye og vonde rundar i denne saka. Heldigvis ser det ut til at kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (SP) ikkje har planar om å overstyre vedtaket i Kinn. Til Bergens Tidende seier han at det ville vore i strid med signala som har vore gitt undervegs.

Det betyr at stridsøksa kan leggast bort. Alle dei som kjempa for ei oppsplitting, må innsjå at dei har kjempa tappert, men at slaget er tapt. Fokus framover må vere å få Kinn til å fungere for innbyggarane i alle delar av kommunen. Ein eller annan gong der framme vil truleg også Bremanger innsjå at det kan vere bra å vere ein del av ein storkommune på kysten.

Vi som ikkje bur i Kinn, kan gi vårt vesle bidrag ved å avslutte den stigmatiseringa vi har drive med fram til no. Vi legg «Norges raraste kommune» i ei skuff og finn på noko anna:

Kanskje «Kinn – det vakraste kommunenamnet i heile verda» kan vere noko?

Les også

Draumen om å gjere Kinn komplett

Les også

Kva no, Bremanger?

Les også

Hva' gør vi nu, lille du?