På fylkestinget i Vestland fylkeskommune i desember 2019 blei det lagt til grunn at oppstart av anleggsarbeidet for fv 614 Svelgen – Indrehus skal skje i 2021.

I forslaget til ny økonomiplan som blei lagt fram i førre veke, går fylkesrådmannen derimot inn for fleire års utsetting med igangsetting av arbeidet - med første løyving i 2024; på 5 millionar kroner. Dette skjer trass i at politikarane har bede han om å vurdere tidlegare oppstart av arbeidet.

– Det er svært viktig at første etappe av kystvegen blir påbegynt. Difor må bygginga av Svelgen-Indrehus komme i gang straks. Næringsaktørar er veldig tydelege på at vi treng ny veg, og det er òg kommunale styresmakter, som mellom anna peikar på kor viktig vegen er for å skape vekst og utvikling i kystområda. Bygginga av vegen vil ha stor positiv effekt i regionen, strekar Kinn-ordførar Ola Teigen under.

Då Sogn og Fjordane fylkeskommune sist behandla regional transportplan (RTP), blei det slått fast at Svelgen – Indrehus var det høgast prioriterte fylkesveganlegget. Det må telje sterkt med når den nye fylkeskommunen skal behandle saka, meiner dei folkevalde i Kinn.

– Kinn kommunestyre vil difor sterkt oppmode fylkespoliktikarane om å halde fast ved at løyving blir gitt slik at bygginga av denne vegstrekninga kjem i gang i 2021.