Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er kjend for den vinnande latteren sin, men i dag må han som finansminister ha ei alvorleg mine og leggje fram eit moderat budsjett.

Det er kjend at regjeringa må gjere fleire kutt i revidert nasjonalbudsjett. Krisepengar som er utløyste av pandemi, straumkrise og krigen i Ukraina må dekkjast inn.

Etter det NTB forstår, vil det komme kutt i byggjeprosjekt. Det er allereie kjend at det blir milliardkutt både i campusprosjektet på NTNU og i bygginga av Vikingtidsmuseum på Bygdøy.

I revidert nasjonalbudsjett blir totalen i byggjekuttet til regjeringa kjend. Det er derimot ikkje venta vesentlege kutt i samferdselsprosjekt i denne omgangen.

Samla sett har regjeringa pøst ut titals milliardar kroner i krisemidlar. For finansminister Vedum blir oppgåva å dekkje inn i alle fall delar av dette i det første reviderte budsjettet han legg fram.

NHO-sjef ber om måtehald

Jobben som finansminister kan vere einsam i budsjettider. Alle vil ha sin del av kaka, men Vedums jobb er å vere tilbakehalden med stykka han kuttar opp for fordeling. Det er ekstra viktig i år.

NHO-sjef Ole Erik Almlid har ei klar oppmoding til Vedum:

– Det er viktig at regjeringa no signaliserer ei føreseielegheit og langtidsperspektiv i den økonomiske politikken. Vi har nokre år bak oss med uvisse, seier Almlid til NTB.

Han gir Vedum rett i at det er renteproblematikken det er mest viktig å passe på no. I tillegg deler han bekymringa for at økonomien skal bli overoppheta dersom det blir for brukt mykje oljepengar.

– Det er veldig viktig for alle partar å ikkje ha ein overoppheta økonomi, seier Almlid.

– Eg trur det er viktig å halde økonomien i balanse slik at vi ikkje får inflasjon og større priseffektar som då igjen kan gjere det vanskeleg både for næringsliv og hushald. Ei nøktern tilnærming til oljepengebruken er viktig no, seier han.

Slankar regjeringskvartalet

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Vedum varsla i VG onsdag at det blir kutt i regjeringskvartalet. Vedum seier det er tid for innstramming. Støre er samd.

– Vi legg derfor fram eit revidert nasjonalbudsjett som strammar inn pengebruken. Vi vel mellom anna å utsetje eller leggje bort fleire store og dyre statlege byggjeprosjekt, seier statsministeren.

Seinare letta Vedum meir på sløret overfor Dagbladet og NRK. Då kunne han fortelje at to bygningar blir kutta frå prosjektet. Totalt vil regjeringa spare inn 4–5 milliardar kroner her.

– Vi ønskjer ikkje å ha eit så stort regjeringskvartal, sa Vedum til NRK.

Pengar til sjukehus, ferjer og Nav-brukarar

Likevel er det nokon som vil få. Det er kjend at sjukehusa vil få 700 millionar kroner for å kompensere for tapte inntekter i pandemien. I tillegg skal Vedum nå føre eitt av hjartebarna sine i pennen.

Alle ferjereiser på strekningar med under 100.000 passasjerar blir nemleg gratis frå 1. juli. Det vil ifølgje Finansdepartementet koste 165 millionar kroner i året.

Regjeringa varsla før jul at ho ville avvikle det såkalla karensåret – året utan pengar – for sjuke og skadde som ikkje er ferdig avklart i Nav. Dette blir det no sett av 675 millionar kroner til i revidert nasjonalbudsjett.

Karensåret blir avvikla og det blir i staden innført eit nytt arbeidsretta unntak frå varigheitsavgrensinga, melder FriFagbevegelse.

I tillegg kjem regjeringa til å løyve 13,2 millionar kroner ekstra til 100 nye studieplassar ved Politihøgskolen.

Reddar kvite Bussar

Havforskingsinstituttet får 10 millionar kroner ekstra til å sjå på følgja av vindkraft til havs for fiskeria. Det skjer samtidig som regjeringa har varsla ei stor satsing på havvind.

Regjeringa vil også styrkje bemanninga i barnehagar i såkalla levekårsutsette område. Det blir sett av 35 millionar kroner til å tilsetje fleire barnehagelærarar.

Det er også knytt spenning til kor mykje av krisemidlane i samband med Ukraina-krigen som vil bli teke på bistandsbudsjettet. Det er klart at krisesentera i landet får ei ekstraløyving på 16,3 millionar for å hjelpe ukrainske flyktningar som kan vere utsett for menneskehandel.

Av dei mindre lekkasjane, som får mykje å seie for dei det gjeld, er det klart at organisasjonane Aktive Fredsreiser og kvite Bussar får ei eingongsstøtte på 2 millionar kroner kvar. Det reddar selskapa, som har tapt pengar under pandemien.

(©NPK)