Politidirektoratets mål for kor mange fartssyndarar som skal takast av fotoboksar, er justert opp frå 180.000 tidlegare år til 250.000 i år.

Fotoboksane har til no berre vore i drift deler av døgnet.

– No skrur vi boksane på slik at dei er på cirka 90 prosent av døgnet. Det gjeld alle fotoboksar i heile landet. Antakeleg kjem omtrent 70.000 fleire til å bli teke i fotoboks i år enn tidlegare år, seier fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet til NRK.

Avgjerda vart teken før dei mange dødsulykkene i april og mai i år. Politiet og Statens vegvesen håpar tiltaket vil føre til færre alvorlege ulykker.

– Det er eit trafikktryggleikstiltak for å få ned farten, for farten tek liv. Vi veit at fotoboksane, både punktmålingane og strekningsmålingane, verkar inn på trafikktryggleiken, seier Karlsen.

Kapasitetsproblem, både hos politiet og Vegvesenet, er årsaka til at ikkje alle boksane står på heile tida.

Det står 413 fotoboksar langs norske vegar. 273 av dei driv punktmåling, medan dei andre står langs vegar der gjennomsnittsfarten blir registrert.

(©NPK)