– Vi har fått så mange positive koronanyheiter dei siste vekene at det no er på tide å gi folk fridommen, seier Sveinung Rotevatn til VG tysdag.

Måndag vart i vel 18.500 personar registrerte koronasmitta i Noreg, det er 7.500 fleire enn førre måndag. Likevel har talet på intensivpasientar falle til 67, som nesten er halvparten så mange som nivået på toppen i desember i fjor.

Rotevatn meiner tala viser at systema held godt for innleggingar og intensivkapasitet, sjølv om mange er smitta.

– Regjeringa bør fjerne påbodet om heimekontor så fort som mogleg. Det er eit veldig inngripande tiltak, som rammar frykteleg mange, seier han.

Regjeringa varsla 13. januar at dei ville halde fast ved påbodet om heimekontor, etter råd frå fagstyresmaktene.

(©NPK)