No kjem varmen igjen – men den drar like fort

NYT: Halvannan dag med sol og varme er rett rundt hjørnet. Nyt det!

NYT: Halvannan dag med sol og varme er rett rundt hjørnet. Nyt det! Foto:

Det kjennast som det var eit år sidan det var strålande vêr, men no er sola rett rundt hjørnet i igjen. I alle fall for ein og ein halv dag. 

DEL

FIRDA: – Heile fredag og halve laurdag kjem til å bli veldig fine dagar.

Det seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Tone Christine Thaule.

Etter litt regn torsdag kveld skal vêret snu til det positive dei neste to dagane.

– Fredag morgon er det godt mogleg at ein vaknar opp til litt lokal tåke, men eller skal det bli veldig fint, seier ho.

Ifølge meteorologen vil det ikkje berre bli sol og opphaldsvêr fredag og laurdag:

– Det kjem også til å bli ganske varmt, opp mot 30 grader, seier ho.

Men skal du få med deg finvêret, kan du ikkje ligge å slumre, for allereie laurdag ettermiddag kjem det gode vestlandsvêret vi er vant med tilbake.

– Det kjem eit nedbørsområde innover landet som gjer at det kan begynne å skye til tidleg på dagen. Og ut på ettermiddagen vil det også begynne å regne. Det kan også bli liten kuling frå søraust, seier ho.


Artikkeltags