No kjem hav-vindmøllene utanfor Florø

SKISSE: Slik kan det bli sjåande ut kring Snorreplattforma i framtida, om Equinor går for bygging av vindturbinar mellom Snorre og Gullfaks.

SKISSE: Slik kan det bli sjåande ut kring Snorreplattforma i framtida, om Equinor går for bygging av vindturbinar mellom Snorre og Gullfaks. Foto:

ENERGI: Equinor sitt Hywind Tampen-prosjekt har fått godkjenning frå olje- og energidepartementet.

DEL

Det opplyser OED i ei pressemelding tysdag.

190 meter høge

Prosjektet er ei omlegging av kraftforsyninga på Snorre- og Gullfaksfelta, der om lag ein tredel av gasskrafta på plattformane blir erstatta med fornybar vindkraft. Det skal installerast elleve flytende vindturbiner på 8 megawatt kvar. Dette vil redusere CO2-utsleppa frå feltea med om lag 200 000 tonn årleg. Det tilsvarer dei årlege utslippa fra rundt 100.000 personbilar.

Vindturbinane vil ha ei høgd på 190 meter frå havoverflata til rotortupp. Diameteren på turbinrotoren vil vere 167 meter. Dei flytande understella skal lagast av betong og vil bli forankra til havbotnen. Turbinane er høgare enn to jumbojetar sette ved sidan av kvarandre vingetipp til vingetipp.

4,8 milliardar kroner

– Hywind Tampen blir bygd ved bruk av vår stolte betongtradisjon og med norske aktørar i sentrale roller. Prototypen ble prøvd ut i havet utanfor Rogaland. Nå blir dette eit prosjekt i industriell skala utanfor Vestlandet, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Det er framleis eit stykke igjen før flytande vindkraft er lønsamt. Prosjektet har difor vore avhengig av støtte frå Enova og NOx-fondet. Det eksisterande verkemiddelapparatet, som inkluderer CO2-avgift, kvoteplikt, NOx-fondet og Enova-støtte, har vore utløysande for prosjektet. Hywind Tampen vil bidra til å få ned kostnadane ved denne typen kraftproduksjon.

Planlagt installasjonsstart er våren 2022, med oppstart av straumleveransar seinare same år. Totale investeringar for prosjektet er av operatøren anslått til om lag 4,8 milliardar kroner.

Dette blir verdas største og Norges første anlegg for flytande havvind, og olje og energiminister Tina Bru kallar det ein historisk dag:

– Dette er eit lite steg i det globale grøne skiftet – men det er eit stort steg for norsk havvind-industri og flytande havvind.

Artikkeltags