No kjem dei vidare tiltaka mot koronaspreiing

Av

Klokka 16 i dag orienterer statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) om den vidare handteringa av koronavirusutbrotet.

DEL

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet og fungerande assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet er òg til stades på pressekonferansen.

Det har snart gått to veker sidan regjeringa varsla dei mest inngripande tiltaka i fredstid, med mellom anna stenging av alle skular, barnehagar, universitet og høgskular. I tillegg måtte frisørar, hudpleiarar, treningssenter, symjehallar og fleire andre verksemder stengje dørene.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken