I eit brev til kommunane kjem det fram at mattilsynet i 2020 både vil gje rettleiing om, og føre tilsyn med, hygiene ved mathandtering i barnehagane.

Ungar kan ha lågare toleransegrense for å få matborne sjukdomar enn det vaksne har, skriv dei, og slår fast at det er avgjerande at barnehagar som har tilbod om eitt eller fleire måltid til ungane har eit kjøken som er utstyrt slik at alt ligg til rette for å lage trygg mat.

Det er stor variasjon i mattilbodet og type kjøken i barnehagane. Kva krav regelverket stiller til barnehagen, kjem an på kva slags mat ein lager, og kor mange barn ein serverer. Mattilsynet vil bidra til trygg mat i barnehagane, og har difor lage ein rettleiar som dei ønsker å gjere kjent for barnehagar som serverer mat. I den finst det informasjon om gode arbeidsrutinar for tillaging, oppbevaring og servering av mat. Krav til kjøkenpersonalet, krav til innreiinga av kjøkenet, og internkontroll og rutinar.

Dei har også laga ein rettleiar om servering av frukt, bær og grønsaker.

I tillegg til å sende ut rettleiarane, varslar Mattilsynet at dei i år vil kome på tilsyn i nokre av barnehagane. Dette vil vanlegvis vere inspeksjonar som ikkje er melde på førehand.

Tema for inspeksjonane vil mellom anna vera krav til kjøkenet, oppbevaring av kjølevarer og hygienerutinar ved handtering av maten.