Gå til sidens hovedinnhold

No kan fylke søke om å få fiksa vegar som er viktige for sjømatnæringa

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa vil gi tilskot til fylkesvegar som er viktig for sjømatnæringa.

– Norge er avhengig av lastebilen for å frakte fisk og sjømat til og frå fiskebruk langs kysten på tidvis tronge og svingete vegar. Da blir det fort slitasje på disse vegane. Vi ønsker å hjelpe fylka med middel til å utbetre de fylkesvegane i Norge med størst behov. Nå er det derfor mogleg for fylka å søke om pengar til fylkesvegar som brukast mykje av lastebilnæringa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

– Vi ønsker å hjelpe fylka med middel til å utbetre de fylkesvegane i Norge med størst behov for oppgradering. Tilskotsordninga er på inntil 141,5 millionar kroner, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Ny tilskotsordning

I statsbudsjettet for 2020 blei det oppretta ein tilskotsordning på inntil 141,5 millionar kroner. Det er Statens vegvesen som har ansvaret for tilskotsordninga. De sender nå ut invitasjonar til fylka for å informere om moglegheita til å søke om pengar til fylkesvegar.

– Sjømatnæringa er ein av Norges viktigaste næringar. Vi må legge til rette for at fisken kjem raskt og trygt frå sjøen til matbordet. Derfor vil det vere fylkesvegar som er viktig for sjømat som prioriteres i år, seier samferdselsministeren.

I samband med Nasjonal transportplan kartla transportetatane kva strekningar som er viktig for næringslivets transporter. I den forbindelse blei det laget ein liste over disse veistrekningene. Statens vegvesen tar utgangspunkt i disse når fylka søker om pengar. Det vil vere mogleg å søke om andre veistrekninger som også er viktige for sjømatnæringa.

Staten vil bidra med inntil 40 prosent av kostnadene for å utbetre vegane.

Oppfordrar fylka til å søke

Statens vegvesen administrerer tilskotsordninga, og oppfordrar dei aktuelle fylka til å søke om midlar. Det er berre fylkeskommunen som kan søke om tilskot.

– Fiske- og havbruksnæringane er i vekst, og blir blant dei viktigaste framtidsnæringane for Norge. Det er viktig å styrke transportårene for å få varene ut. Desse tilskuddsmidlene skal bidra til det, seier fungerande divisjonsdirektør for Transport og samfunn i Statens vegvesen Kjetil Strand i ei pressemelding.

Sjølv om vegvesenet seier fylka sjølve må søke om midlar, har dei allereie laga ei liste over kva vegstrekningar som er aktuelle. Det er 18 fylkesvegar i Troms, Finnmark, Vestland, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Ingen av strekningane på lista ligg i Sogn og Fjordane-delen av Vestland. Sjå lista her: Vegstrekningar

Men vegvesenet opnar for at det kan søkast om vegar som ikkje ligg på lista, dersom det kan begrunnast i god måloppnåing.

Kommentarer til denne saken