Dei som ikkje har abonnement frå før, og kanskje ikkje les Firdaposten så ofte har no høve til å lese avisa heilt gratis ut januar.

Lesarane som teiknar seg for gratis tilgang, vil bli bedne om å logge inn med aID. Viss ein ikkje har ein brukar frå før, må ein opprette ein aID.

Du treng ikkje oppgje betalingsinformasjon, og det vil ikkje bli trekt pengar når tilgangen går ut i februar.

Firdaposten er ein del av Amedia, som blei ramma av eit stort dataangrep i romjula. Som ein konsekvens av dette har alle plussartiklar i avisa vore tilgjengelege for alle i perioden 28. desember til 6. januar. No er det igjen slik at du må logge deg inn med eit abonnement for å få tilgang til dei plussa sakene våre.

Fleire system er framleis ramma av dataangrepet. Mellom anna er det for tida ikkje mogleg for nye kundar å kjøpe abonnement. For at eksisterande abonnentar framleis skal ha tilgang på eksklusivt innhald har Amedia no valt å kreve innlogging for å lese pluss-saker. Samtidig gjer vi det mogleg for alle å logge seg inn, utan å måtte betale for det, så lenge du har, eller registrerer deg for ein aID-konto.

– Vi har framleis ikkje tilgang til abonnementssystemet vårt. Dette betyr m.a. at det ikkje er mogleg å seie opp abonnementet på noverande tidspunkt, og det er heller ikkje mogleg å bli abonnent på vårt felles abonnementsprodukt +Alt. Dette jobbar vi framleis med å finne løysingar på så snart som mogleg. Vi ønsker at det skal være så enkelt som mogleg både å kjøpe og å seie opp abonnementet sitt på våre aviser, seier konstituert forbrukarmarknadsdirektør i Amedia, Carl Gustaf Eriksson.

Vi i Firdaposten håper at så mange som mogleg vil prøve oss i denne perioden. Så skal vi gjere vårt beste for å levere så mykje godt lesestoff at flest mogleg vil teikne seg for eit ordinært abonnement når det blir mogleg igjen.