Gå til sidens hovedinnhold

No kan du søke sommarjobb som fiskar

Ordninga med Ungdomsfiske blir ført vidare også denne sommaren.

– Fisket etter rognkjeks kan starte allereie no, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

Ordninga gir ungdom mellom 12 og 25 år sjansen til å drive fiske i sommerferien, og ordninga omfattar alle fiskeslag som blir fanga i vanlege fiskeri på kysten..

– Regjeringen er opptatt av rekrutteringa til fiskaryrket. Ungdomsfiskeordninga har som mål å gje ungdom erfaring frå yrket. Ordninga har blitt godt mottatt sidan den blei innført på 90-tallet, seier Ingebrigtsen videre i meldinga.

Departementet vidarefører reglene for ungdomsfiskeordninga frå 2020, med unntak av startdatoen for fisket etter rognkjeks. Denne er fremskunda til i dag, laurdag 1. mai, slik at perioden blir utvida. Det er ikkje innført krav til AIS for båter som deltar i fisket etter leppefisk.

Interesserte ungdommer kan registrere seg hos Fiskeridirektoratet.

Les også

– Har gleda oss til å jobbe kvar einaste morgon

Kommentarer til denne saken