No kan du sende Fretex-klede med Posten

Fretex-posen kan du få på Posten.

Fretex-posen kan du få på Posten.

No kan heile landet lettare vere med å støtte Fretex sitt hjelpearbeid for sosialt vanskeleg stilte menneske.

DEL

Posane med klede etter oppryddinga som skal til gjenbruk kan no takast med til ein av Posten sine 1400 stader , og sendas med Fretexposen. Det kostar ein femtilapp å sende.

- Uansett kor i landet du bur og same om Fretexboksane du vanlegvis brukar er fulle eller ikkje, så kan du gi til Fretex på Posten. Den spesielle Fretexposen rommar 8 kg. Det kostar 50 kroner å sende klede og tilbehør med Fretexposen. Vi skulle ønske at det var gratis, men med denne faste prisen er gjevarane med på ein spleis saman med Fretex og Posten. Vi set stor pris på at gjevarane kan strekke seg så langt at dei byr på denne 50-lappen, seier Trine Gjermundbo i Fretex.

Koronasituasjonen gjer at Fretex har avgrensa transportkapasitet sjølve. No i sesongskiftet på våren merkar merksr Fretex at mange har hatt god tid heime og mange har brukt tida til rydding i skuffer og skap. Fretex-posane skal vere tilgjengeleg hos Posten.

Artikkeltags