Er du oppteken av at subsea-studentar skal velje Florø framfor andre byar på kysten, og av korleis byen framstår for resten av landet? No har du sjansen til å bidra.

Viktigast er glade folk

Rundt klokka to på tysdag kjem NRK til Florø med sommarbåten sin. Dei vil gjere opptak både i innseglinga og i løpet av dagen, i tillegg til direktesendinga frå kaia på kvelden. Prosjektleiar Thomas Hellum fortel at det aller viktigaste folk kan bidra med for å vise heimplassen på ein god måre er å møte opp med godt humør. Programmet har hatt svært gode sjåartal i løpet av sommaren. Rundt 600 000 sjåarar har sett kvar av sendingane, noko som utgjer ein marknadsandel på mellom 45 og 50 prosent av alle som har sett på TV i sendetida. Heile 12 av dei mest sette programma førre veke alle laga på sommarbåten, ifølgje Hellum.

Han understrekar at dei ikkje ønsker å planlegge for mykje før dei besøker dei ulike stadane, det å komme til kaia med opne auge og øyre er nemleg ein del av konseptet. Dette betyr at det er florøfolket sjølv som har ansvaret for kva inntrykk TV-sjåarane får av byen.

Kva vil vi vise fram?

Barbro Furset i Byen vår Florø fortel at dei har prøvd å overtyde NRK om å planlegge besøket, men det er ikkje sånn det fungerer. Her må folk rett og slett møte med det dei har av energi og entusiasme, både på kaia, på skjær og holmar og i båtane sine. Ein kan til dømes ta med seg Kjippen-stemninga i utkledning – eller noko heilt anna. Her gjeld det berre å tenke: «Kva er vi stolte av?»

– Dette er så viktig for merkevara Florø. Sånt som dette kan bikke folk til å velje å flytte hit, seier ho.