Gå til sidens hovedinnhold

– No har vi øvd og terpa på trening gjennom sesongen og det var kjekt å sjå utviklinga i kampspelet sidan sist vi spelte kamp

Bremanger Idrettslag arrangerte søndag handballturnering i Bremangerhallen på Hauge. I utgangspunktet skulle bremangerlaget jente 9 år vere vertsskap for laga Sandane 1 og 2, Breimsbygda, Eid og Stårheim, men grunna sjukdom hos fleire tilreisande var det lag som måtte trekke seg kort tid før turnering.

Sekretariatet losa spelarar og publikum stødig gjennom litt rokeringar på kampprogrammet, men mange kampar med godt driv og fint spel vart gjennomførte søndag. Bremanger 1 og 2 spelte fleire kampar mot Eid og innbyrdes seg i mellom.

– Det er lenge sidan jentene har fått kamperfaring på grunn av koronapandemien. No har vi øvd og terpa på trening gjennom sesongen og det var kjekt å sjå utviklinga i kampspelet sidan sist vi spelte kamp, seier trenarduoen for jente 9 år, Elise Bjarkøy Rylandsholm og Kristine Grinvalde.


Det var godt oppmøte av publikum på tribuna som kosa seg med underhaldande handball og forfriskingar frå kiosken.

– Det er kjekt å invitere til handballturnering i Bremangerhallen, då får spelarane våre spele for familie, venner og kjente på heimebane. Det er også greitt å byte mellom å leggje ut på reise for å spele handballturnering, og det å arrangere turneringa på heimebane. Sjølv om det er litt arbeid med å arrangere turnering, så er det mest av alt bere kjekt å invitere andre lag til turnering i Bremanger, seier nyvalt lagleiar for jente 9, Benedicte Solbakken Hamre

Om ikkje lenge skal Bremanger Idrettslag etter planen igjen vere vertsskap for ny handballturnering i Bremangerhallen. Laurdag 27. november er det det gutar 9 som inviterer spelarar og publikum til handballkampar på heimebane.

Kommentarer til denne saken