Streiken blant arbeidstakarorganisasjonen Lederne sine medlemmer har pågått sidan onsdag, og ved midnatt blei streiken utvida, melder nettstaden e24.no.

Då blei det teke ut ytterlegare 126 tilsette i streik, og blant plattformene som blei råka, er Neptun-opererte Gjøa. I tillegg blei også Gudrun, Gina Krog og Kvitebjørn berørt at utvidinga av arbeidskonflikten.

Streiken påverkar no åtte prosent av den norske produksjonen på sokkelen, og no spår arbeidsgjevarorganiasjonar at Gjøa kan risikere nedstenging av all produksjon. I så fall vil det også gjelde Wintershall-opererte Vega som er knytt til Gjøa.

Equinor er allereie i gang med nedstenging av fire felt som dei opererer; Valemon, Kvitebjørn, Gina Krog og Gudrun.