I fredagsbrevet denne veka orienterer kommunedirektøren om vegen vidare for Kinn no som søknaden om utgreiing er sendt til statsforvaltaren.

– Det som no skjer er at Statsforvaltaren vurderer søknaden. Deretter sender embetet ei tilråding til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Sidan dette er ei tilråding vil vel det handle om ei utgreiing vert tilrådd eller ikkje. Som del av vurderinga kan det vere at Statsforvaltaren også vil involvere andre, som til dømes uttale frå fylket, nabokommunar og andre liknande høyringsinstansar. Når KDD har mottatt denne vil dei ta ei avgjerd om kommunen skal greiast ut med tanke på ei deling eller ikkje.

Søknaden blei sendt tidleg denne veka.

Kommunedirektøren peikar på at sakshandsaminga kjem til å ta tid. Om det er mogleg å rekke det i tide til neste val er eit spørsmål mange har stilt. Svara er førebels lite tydelege, utover at det kjem til å bli krevjande å rekke. Heggheim er heller ikkje sikker på at det går.

– Eg er på ingen måte sikker, men eg trur det kan bli ei særs krevjande øving å få desse spørsmåla avklart slik at ei eventuell deling kan skje i samband med neste kommunestyreval. Då byggjer eg på røynslene frå samanslåingsprosessen. Kommunestyret sitt vedtak legg også opp til ei folkerøysting. Då må utgreiinga ligge føre, og vi må førebu folkerøystinga etter reglane i vallova. Som del av å invitere til folkerøysting, må vi informere på førehand. Dersom arbeidet skal vere kopla til neste lokalval, må det i alle fall lagast ein tidsplan som gjer det mogeleg. Utfordringa er å lage ein tidsplan der andre instansar og andre forvaltingsnivå er del av den. Vi kan vel knapt forplikte dei tidsmessig. Framdriftsplanen må vere realistisk. Dersom det er noko alle i Kinn – ikkje treng no, så er det urealistiske planar

Heggheim meiner det no er naturleg at både politiske og administrativ leiing er i dialog med Statsforvaltaren og departementet for å følge opp kommunestyret sitt vedtak.

Torsdag vedtok kommunestyret i Sunnfjord å tilsette Heggheim som ny kommunedirektør. Heggheim skriv i fredagsbrevet at han kjem til å takke ja til det tilbodet.

– Det betyr at eg no går inn i ein situasjon der eg må avklare med arbeidsgjevaren min (kommunestyret) og ordføraren i Sunnfjord kva tid eg kan tiltre den nye stillinga.

Han vil halde dei tilsette i kommunen orientert så fort det kjem ei avklaring på situasjonen.