Organisasjonen Ja til reversering har fått gjennomført ei spørjeundersøking om innbyggarane sitt syn på om ein vil halde på eller reversere Kinn kommune igjen.
Det er Respons Analyse som har gjennomført undersøkinga og 800 innbyggarar er spurt.
Folkets dom er klar: 53 prosent av innbyggarane vil reversere og 33 prosent vil halde på Kinn. 14 prosent svarar veit ikkje.
For Vågsøy ser tala slik ut: 71 prosent er for reversering, 22 prosent for å behalde Kinn og 7 prosent veit ikkje.
I Flora er 44 prosent for reversering, 39 prosent for å behalde Kinn og 17 prosent veit ikkje.
- Motstanden mot Kinn er som venta størst i gamle Vågsøy, men det er også veldig tydelig at den har auka i Flora slik at det også der er snudd frå ja til nei, uttaler Ja til reversering av Kinn i ei pressemelding.