Vegen mellom Florø og Brandsøy som har vore stengd sidan tysdag kveld, etter eit ras like ved avkøyrsla til Fjord Base, blei ikkje opna torsdag føremiddag, men no nærmar det seg.

Det melder NRK Vestland.

Torsdag føremiddag fortalde byggjeleiar i Statens vegvesen, Stig Arne Bugjerde at det framleis er steinblokkar som måtte sikrast. Vegen ville difor vere stengd inntil vidare.

Dei ville gjere ein ny vurdering klokka 16.30.

Klokka 16.08 melder NRK at vegen truleg opnar torsdag kveld etter at dei no har fått fjerna steinblokkane som var igjen i fjellsida.

Vegen er no open.