1. januar blei den velkjende utøvelsesforskrifta som fiskarane forheld seg til, omdøypt til haustingsforskrifta.

Det tykkjer både fiskeriorganisasjonane og Språkrådet er snålt. Og endå snålare blir det når det gjennomgåande i forskrifta no blir snakka om "å hauste torsk". Det velkjende omgrepet fiske og fangst står med andre ord for fall.

- Eg må seie det er spesielt. Vi driv jo med fiske og fangst, seiar leiar i Norges Kystfiskarlag, Tom Vegar Kiil til NRK.

Til Fiskeribladet spekulerer Kiil i om dette har kome til fordi Fiskeridepartementet har eit slags behov for å dokumentere nytenking.

Og det ser unekteleg underleg ut, når ein i paragraf 18 av forskrifta les at "Garn og line som brukes til høsting av torsk, hyse og sei, skal røktes daglig."

Språkrådet er på linje med fiskarane og viser til at omgrepet hausting tradisjonelt sett har vore brukt om planter og vekstar - ikkje om dyr og fisk.

Korvidt Kystfiskarlaget har tenkt å døype seg om til Kysthaustarlaget, seier saka ingenting om.

Men vi trur vi veit svaret.