I november blir dei første invitasjonsbreva til screeningprogrammet for tarmkreft sende ut til alle 55-åringar i landet. Målet med screeninga er å få til ein reduksjon i dødelegheit, og helst også ein reduksjon i førekomst av tarmkreft.
Det skriv Helse Førde i ei pressemelding og på sine eigne heimesider.
Best å oppdage tidleg
I programmet for tarmscreening får 55-åringar tilbod om analyse av ei avføringsprøve kvart år fram til dei fyller 65 år. Deltakarane tek prøva heime og sender ho til laboratoriet ved Akershus universitetssjukehus for analyse. Dersom det blir påvist blod over ei viss mengd, vil deltakaren få tilbod om ei kikkertundersøking av tarmen (koloskopi). Det er planlagd ei gradvis innføring av koloskopi som primær screeningmetode
Rundt 4500 personar får tarmkreft årleg og over 1600 personar døyr av sjukdommen. Prognosen blir mykje betre når sjukdommen blir oppdaga i ein tidleg, symptomfri fase.
Sjansen for å overleve er 95 prosent større om tarmkreften blir oppdaga tidleg, ifølge tal frå Kreftregisteret.
Dersom 1000 personar leverer avføringsprøve, vil 65 få beskjed om at det er påvist blod i prøva og bli viste til koloskopi. Ved koloskopi vil truleg over halvparten få påvist polyppar som kan utvikle seg til kreft, og to vil få påvist tarmkreft.
Nasjonalt screeningprogram
Sjukehusa sitt ansvar er å sikre koloskopi- og patologikapasiteten i regionen for å kunna møte det auka behovet.
Dei første invitasjonane blir sende ut til 55-åringar på Vestlandet i november. Tilbodet blir rulla gradvis ut til heile landet i løpet av det neste året.
Stortinget vedtok hausten 2017 å innføre eit nasjonalt screeningprogram for tarmkreft. Formålet med screeninga er å oppdage og fjerne forstadium til kreft eller avdekke og behandle kreft, for å redusere førekomst og dødelegheit av tarmkreft i befolkninga. Helse- og omsorgsdepartementet gav dei fire regionale helseføretaka følgande oppdrag i oppdragsdokumentet for 2018:
«Dei regionale helseføretaka skal, under leiing av Helse Sør-Øst RHF, førebu innføring av nasjonalt screeningprogram for tarmkreft frå 2019 med utvikling av nytt IT-program, starta rekruttering av personell, skopiskole, investera i endoskopisenter osb.»
Når programmet er i full drift vil det bli analysert opp til 200.000 prøver i året.