Gå til sidens hovedinnhold

No er Sundafjelltunnelen open for trafikk igjen

Klokka 13.50 melde Vegtrafikksentralen vest at Sundafjelltunnelen mellom Førde og Florø er stengt. Årsaka var at ein høgdeavgrensar i munnen på tunnelen var køyrd på.

– Vi har tilkalla mannskap. Dei er på veg, og vi reknar med at dei er framme rundt klokka 14.20, melder Vegtrafikksentralen.

Klokka 14.15 kom det ei melding om at entreprenør var kontakta for å rette opp i skaden. Medan dei venta på lift vart trafiukken dirigert forbi. No er tunellen på nytt open for trafikk.

Kommentarer til denne saken