Prøvetakingskommune for dei positive prøvene er Bremanger, Kinn, Luster, Stad, Stryn og Vik.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse, melder Helse Førde på sine sider.

Det dei nye positive prøvene viser er at det er mykje smitte i Sogn og Fjordane og den er spreidd ifrå Selje, Kinn og Bremanger på kysten til Luster og Vik i indre strok. Både onsdag, torsdag og fredag var det registrert eit tjuetals positive prøver både i Sunnfjord og Gloppen og Stryn som syner at det no er smitte og spore meir eller mindre i heile Sogn og Fjordane.

Det er delta-varianten av koronaviruset som no spreier seg, ein variant kjent for å vere meir smittsam.