Gå til sidens hovedinnhold

No er det rekordetterspurnad etter laks

Oppdrettsselskapet Mowi melder om rekordomsetning i tredje kvartal og vil betale aksjeeigarane eit utbytte på til saman 724 millionar kroner.

I ei børsmelding onsdag morgon melder Mowi om ei omsetning på meir enn 10 milliardar kroner (1.035 millionar euro) i tredje kvartal. Det resulterte i eit driftsresultat på 1,3 milliardar kroner og eit resultat før skatt på 273 millionar kroner.

Driftsresultatet er ein halv milliard kroner høgare enn same kvartal i fjor. Mowi melder om rekordetterspurnad etter laks og at restaurantmarknaden på nytt aukar.

– Det er gledeleg å sjå den sterke betringa i marknaden mot pre pandeminivå. Den estimerte verdien av laks konsumert globalt i tredje kvartal auka med meir enn 30 prosent samanlikna med fjoråret og nådde eit nytt rekordnivå, seier konsernsjef Ivan Vindheim i Mowi.

Selskapet vil dele ut 1,4 kroner per aksje i utbytte for kvartalet, noko som totalt utgjer 723 millionar kroner.

Det er John Fredriksen gjennom det kypriotiske selskapet Geveran Trading som er største enkelteigar av Mowi, med to aksjepostar på til saman meir enn 14 prosent. Folketrygdfondet er nest største eigar i Mowi.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken