– Vi ser ata vi har kapasitet, og vi har vaksinar tilgjengeleg, så no opnar vi for at dei som har fylt 65 kan få fjerde dose med koronavaksine. Vi opnar allereie neste veke, seier kommuneoverlege Kjell-Arne Nordgård.

Det er berre halvanna veke sidan Nordgård oppmoda dei over 75 til å ta sin fjerde dose. Det var så få som 11 prosent i den aldersgruppa som hadde fått vaksinen, og kommuneoverlegen var litt uroleg for hausten om ikkje fleire vaksinerte seg. Han er framleis ikkje heilt nøgd med oppmøtet.

– Nokon fleire er det som har teke den fjerde dosen, men det er litt færre enn det vi håpa på. Dei har eit ståande tilbod framover og har framleis moglegheita til å vaksinere seg, forsikrar Nordgård.

Bremanger også

Dei kjem til å legge mykje innsats i å få gitt dei over 65 det fjerde vaksinestikket. Timar blir lagt ut fortløpande, på legekontora både i Måløy og i Florø. I Florø er det lagt opp til vaksinering, hovudsakleg på ettermiddagar, tysdagar og torsdagar. I Måløy er det vaksinering på onsdagar, frå klokka 14.30 på Måløy legekontor.

Du finn informasjon om koronavaksinering i Kinn kommune her: Koronavaksinering i Kinn

I Bremanger har dei no opna for at alle over 65 år kan få si oppfriskingsdose. Andre som ikkje allereie er fullvaksinerte kan også melde seg for å få vaksine.

Svelgen og Bremanger

Det blir vaksinering på Svelgen omsorgssenter tysdag 20. september mellom 12 og 18. Dagen etter, onsdag 21. september, blir det vaksinering i idrettshallen i Bremanger, også det mellom 12 og 18.

– Vi ber om at de som er i målgruppa tek kontakt med Servicekontoret i Bremanger kommune og melder frå om de ønskjer vaksine, skriv kommunen.

Det er ikkje høve til å bestille time, men kommunen oppmodar alle som ønskjer vaksine om å møte opp.

Er du i tvil om du skal ta oppfriskingsdose med årsak i medisinske tilhøve må dette avklarast på førehand.

Om det blir eit behov for utvida tilbod vil det bli lagt ut informasjon om dette, med nye datoar for vaksinering, seinare.