Etter at Runa Nybakk fekk stillinga som kommunalsjef for oppvekst og undervising, blei hennar gamle stilling som rådgjevar for barnehageområdet ledig. Stillinga blei lyst ut internt, noko som fekk fleire til å reagere.

– Det er klart at ei slik overordna og leiande stilling er attraktiv for mange som arbeider i vår bransje, men i utlysinga står det altså at det er ei intern utlysing. Det betyr at mange av mine tilsette er ekskludert frå å søkje på stillinga, sa dagleg leiar Anita Sunde i den private barnehagen Sørstrand maritime FUS barnehage.

Ho fekk støtte mellom anna frå hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Kinn KS, Reidar Knapstad. Etter kvart blei det då også opna for at også eksterne kunne søkje på stillinga.

– Kommunen har fortalt til oss at dei har fått for få interne søkjarar og difor vel å lyse ut stillinga eksternt for å få eit breiare og meir kvalifisert søkjargrunnlag, sa Knapstd til Firdaposten. Han var likevel ikkje nøgd med kommunen si grunngjeving.

– Det generelle poenget er at vi meiner dei ikkje har lovheimel i utgangspunktet til å avgrense utlysingar av attraktive leiarstillingar kun internt. Det lovmessige aspektet tek dei ikkje kritikk på, dei grunngjev berre ekstern utlysing med for få interne søkjarar, sa Knapstad.

No er det klart kven som har søkt på stillinga som rådgjevar for barnehageområdet. Kinn kommune har fått inn fem søknadar. Tre kvinner og to menn, og lista ser slik ut:

NrNamnAlderStillingStad
1
Franchesca Goll-Rasmussen35Pedagogisk leiarBryggja
2

Bartłomiej Sobieraj

22
Lier
3Simen Ones31BarnehagelærarBergen
4Synnøve Endal Andersen30HøgskulelektorNyborg
5Marion Svarstad33Assisterande styrarFlorø