Florø rykka ned frå PostNord-ligaen i haust og skal spele i Norsk Tipping-ligaen neste år. Det betyr at dei er tilbake på fjerde nivå i norsk fotball, og ute av det som er definert som norsk toppfotball.

Men også på fjerde nivå er det gode lag som har ambisjonar, og ønsker å komme seg oppover i systemet. Vi får tru at Florø er eit av dei laga, og at dei har ambisjonar om å kjempe om opprykk tilbake til det gode selskap fortast mogleg.

Outsiderar

Torsdag kveld presenterte fotballforbundet avdelingane for tredje og fjerde nivå i fotballen. Florø Fotball er plassert i Avdeling 2, og den ser slik ut:

  • Florø
  • Spjelkavik
  • Aalesund 2
  • Volda
  • Molde 2
  • Hønefoss
  • Elverum
  • Raufoss 2
  • Brumunddal
  • Toten
  • Kongsvinger 2
  • Lillehammer
  • Hødd 2
  • Førde

Norsk Tipping er allereie klare med odds på kven som vil toppe tabellen. Legg vi det til grunn er det Hønefoss og Elverum som peikar seg ut som favorittar til å vinne avdelinga. Spjelkavik må også regnast med blant favorittane.

Florø, Førde og Brumunddal må reknast som outsiderar, med høvesvis 10, 10 og 12 i vinnarodds.

Blir mykje buss

For interessa rundt Florø Fotball vil nok to lokalderby mot rivalane frå Førde vere gull verdt, ikkje minst om begge laga er involvert i ein kamp om opprykk.

– Vi får Førde, etter alle solemerke i Florø den 16. mai, forhåpentlegvis med 1000 til 1500 tilskodarar på stadion. Det blir ein publikumskamp, og så lenge dei er bak oss på tabellen er det kjekt om dei er med i toppen, ler Kim Solheim.

Den daglege leiaren er relativt godt nøgd med oppsettet, i alle høve sportsleg.

– Vi hadde nok ønska oss å hamne saman med bergenslaga. No blir det ei forholdsvis tøff belastning med mange timar i buss for spelarane. Men sportsleg er dette ei ok avdeling å hamne i.

Godt rusta

Solheim peiker på Hønefoss som den openberre favoritten, men legg til at rykta seier at Spjelkavik satsar hardt og kan bli eit lag å rekne med i 2022. Målsettinga for Florø er å kjempe om opprykk, og han meiner klubben ligg betre an no enn den har gjort på ein god stund.

– Vi ønsker å kjempe heilt der oppe, og det er det vi jobbar mot. No har vi 13–14 spelarar klare, som vi sjølvsagt skal supplere. I fjor på denne tida trur eg vi hadde fem, i tillegg til at vi stod utan trenar. Vi er godt rusta og håper vi kan gi folk i Florø fleire hyggelege opplevingar enn det vi har gjort dei siste åra.

Rundt 20. januar samlast spelarane i Florø for å starte sesongoppkøyringa.