Måndag ettermiddag og kveld må folk på Vestlandet førebu seg på sterk vind. Mot tysdag når vinden òg Nordland.

– Det er rolege vindforhold no, men lågtrykket som nærmar seg frå vest, fører til at både båtfolk og landkrabbar må førebu seg på vindauke, tvitrar Meteorologisk institutt måndag.

Det er sendt ut gult farevarsel om kraftig vind, kuling eller storm ei rekkje stader.

Farevarselet gjeld òg Helgeland, Saltfjellet, Salten og Ofoten frå natt til tysdag.

– Det blir søraustleg opp i sterk kuling utsette stader med lokale vindkast på 27–35 meter per sekund, opplyser meteorologane.

(©NPK)