Laurdag 21. mai får Florø-folket høve til å høyre Bellatango på Husabula Kultursscene. Florøbandet starta som ein kvartett i 2015, og konsentrerte seg då i hovudsak om tangomusikken til den kjende argentinske komponisten Astor Piazzolla. No er mannskapet redusert til tre, og bandet har utvida repertoaret til mellom anna musikk frå cellist Sanja Dukanac sitt fødeland, Serbia.

Dei lovar variasjon, og kan denne laurdagen også by på gjesteartist: Pianist og distriktsmusikar Noemi Utasi. Utasi er klassisk utdanna, mellom anna frå Franz Lizt-musikkakademiet i Budapest, og har mottatt fleire prisar internasjonalt.

– Vi gler oss stort til samarbeidet med Utasi, seier gitarist Jørn-Lasse F. Refsnes, som også ser fram til å prøve ut trio-formatet live.

– Det er eit anna lydbilde utan trekkspel, og det gir både utfordringar og moglegheiter. Vi har eit opnare lydbilde, med litt meir "luft" i musikken og plass for improvisasjon, forklarar gitaristen, som også peikar på ei anna endring:

– Fram til no har eg stort sett spelt el-gitar i Bellatango, men no spelar vi alle på akustiske instrument. Det gir også ei fornying av lydbildet, så det er eit annleis Bellatango publikum får høyre denne gongen.

Bellatango er Sanja Dukanac, cello, Jørn-Lasse F. Refsnes, gitar, og Ove Mjåtveit, kontrabass. om du vil ha ein liten smakebit på kva som ventar deg på Husabula, kan du sjekke ut denne videoen frå Svanøy.