Frå onsdag føremiddag og til seint onsdag kveld er det venta 60-90 millimeter nedbør over en periode på tolv timar. Regnet blir verst i Hordaland og Sogn, mens det i Fjordane er venta 50-70 milimeter frå onsdag føremiddag til seint onsdag kveld. Det er sendt ut farevarsel på gult nivå,

Lokalt vil det kunne komme mellom 100 og 150 millimeter frå onsdag morgon og til torsdag morgon. Farevarselet gjeld imidlertid for den mest intense nedbørperioden som er venta frå onsdag føremiddag og til seint onsdag kveld, skriv meteorologane på Met.no.

Det er også ute gult farevarsel for regn i Nord-Rogaland, Fjordane og nord i Innland fylke, og sendt ut både flomvarsel og skredvarsel for heile Vestland fylke.

Meteorologane oppfordrar folk til å halde seg oppdatert om situasjonen:

– Sikre og flytt verdiar bort frå utsette område (f.eks. i kjellarar, og bilar, campingvogner etc. langs elver og bekker). Rens stikkrenner, kummar og andre vassvegar for snø/is, jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renner. Hald deg unna elver og bekker med stor vassføring.

Kaldare - kanskje kjem det snø?

Meteorologane melder på Twitter at det no er tid for lågare temperaturar og snøbyger for mange. Torsdag kan det komme snø heilt ned i låglandet. Nord for Stad er det venta 20-40 cm torsdag, og 10-20 cm sør for Stad.
– Så køyr forsiktig, oppmodar Meteorologisk institutt.