Nina og Hagelaget fiksa uteområdet på Furuhaugane

STOLT: Nina Nyttingnes og Hagelaget har gjort ein kjempejobb med uteområdet på Furuhaugane.

STOLT: Nina Nyttingnes og Hagelaget har gjort ein kjempejobb med uteområdet på Furuhaugane.

FLORØ: Kvar dag i førre veke stilte Hagelaget og tilsette på Furuhaugane omsorgssenter på dugnad for å pynte til 17. mai.

DEL

Det er lenge sidan uteområdet på Furuhaugane omsorgssenter fekk seg ei oppgradering. Det tenkte Nina Nyttingnes og Hagelaget var for gale. I veka før 17. mai tromma dei saman til dugnad, til stor glede for bebuarane på omsorgssenteret. Firdaposten var innom for å ta ein prat med dugnadsgjengen heilt på tampen av arbeidet, og trefte ei stolt og glad leiar av hagelaget.

– Det har vore heilt fantastisk å halde på her denne veka. Dei gamle har følgt med frå vindauget, og har sett tydeleg pris på det vi gjer. Eg må tilstå at det rann ei tåre tidlegare i dag då eg såg kva dette betyr for dei.

Møtast utandørs

Furuhaugane omsorgssenter er for tida stengt for besøkande, på grunn av risikoen for koronasmitte, men bebuarane kan møte pårørande utandørs.

Mykje av motivasjonen til initiativet ligg her. Dei ønska å gjere uteområdet på Furuhaugane til ein fin plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette. Gjennom eit samarbeid med lokalt næringsliv, bruk av egne midlar, og stor dugnadsinnsats her dei fått til det. Området har verkeleg fått seg eit løft.

Overskot frå snigleaksjonar

– Vi i hagelaget har brukt overskotet frå snigleaksjonane våre til å kjøpe inn planter, potter og busker. Handelsstanden i byen har bidratt med bålpanne, epletre, bærbusker og mykje anna. Og så må eg få skryte av personalgruppa som har stilt opp på dugnad på fritida og lagt ned stor innsats for å få det fint rundt seg.

Med bålpanne på plass er det mogleg å grille på uteområdet. Frukt og bær vil det forhåpentlegvis vere mogleg å plukke i løpet av sommaren. Ikkje minst er uteområdet no ein fryd for auget. No er det berre å håpe at vêrgudane også vil vere med på dugnaden og sørge for mange fine sommardagar i månadane som kjem.

DUGNADSGJENG: Her er dei som var igjen av dugnadsgjengen då Firdaposten var på besøk.

DUGNADSGJENG: Her er dei som var igjen av dugnadsgjengen då Firdaposten var på besøk. Foto:

Foto:

EPLER: Her blir det forhåpentlegvis epler å plukke på eit eller anna tidspunkt. Nina Nyttingnes viser stolt fram.

EPLER: Her blir det forhåpentlegvis epler å plukke på eit eller anna tidspunkt. Nina Nyttingnes viser stolt fram. Foto:

Artikkeltags