Gå til sidens hovedinnhold

Nina (43) er sjefen på Seljestokken

For tre generasjonar sidan, starta ein fiskarbonde båtverkstad på Seljestokken. I 2021 er det travlare på slippen enn nokon gong.

Nina Seljestokken er tredje generasjon og dagleg leiar i Seljestokken Båtverkstad. Det var bestefaren til Nina, Norvald som i si tid starta båtverkstaden, som ligg rett sør av Frøysjøen i ei lun bukt, beskytta for ver og vind.

–Bestefaren min var fiskarbonde og starta verkstaden og slippen her som ei attåtnæring. Han var tidleg ute med å bygge styrehus i plast til dei lokale fiskarane i området, noko som var eit stor framsteg på den tida. Tenk deg, å endeleg få tette styrehus! Eg har sett igjen arbeid frå den tida som ikkje når heilt opp til dagens standard, men det har halde tett i årevis, seier Nina Seljestokken.

Spesialistar på sjark

Det er ei allsidig bedrift som ligg tett på grensa til Bremanger kommune med utsikt mot Hovden i vest og Frøysjøen i nord. Her går skipstrafikken langs den indre leia berre nokre få hundre meter frå slippen. Dei tek på seg ei rekke ulike ombyggings- og reparasjonsoppdrag på båtar opp til 60 fot. Med to slippar og verkstadhallar jobbar dei året rundt med alt frå skader på båtar som har grunnstøytt, til større ombyggingsoppdrag til fiskerinæringa.

–Vi har sesong no, med ombygging av ein- og to mannssjarkar, noko som er blitt ein spesialitet her hos oss. Ofte forlenger vi båtane ved å kappe dei i baugen og utvide dei akter med større lastekapasitet og auke av flyteevna. Tidlegare vart båtane bygd med tanke på fine linjer, i dag har vi fått dei såkalla «paragrafbåtane» som ikkje er så pene, meiner Nina.

Den største kunden til båtreparatørane på Seljestokken er likevel Elkem Bremanger. Kvar juli månad når Elkem har driftsstans og vedlikehald på smelteverket i Svelgen, kjem Seljestokken-gjengen inn og tek ettersyn og vedlikehald på kjemikalietankane på verket.

– Eg trur det er viktig å ha mange bein å stå på. Oppdraga frå kystfiskeflåten kan variere i takt med lønsemda innan fiskeria. Dei siste åra har vi hatt mykje av slikt arbeid, men ser ein fem år tilbake så var det heilt annleis. Arbeidsmengda her kan vere uforutsigbar når vi ikkje har langtidskontraktar bortsett frå oppdraga vi har for Elkem Bremanger.

Men når ein har ein fot innanfor ulike område, så pleier det å ordne seg til slutt. For å sikre full drift, sikrar vi oss med nokre store jobbar. Så fyller vi på med mindre oppdrag som kjem til i løpet av året. No har vi booka arbeid heilt fram til jul, så vi har det i grunnen travelt, seier Nina Seljestokken.


Nina er sjefen

Det var i 2007 at Nina satsa hundre prosent på familiebedrifta. Ho har utdanning innan fiskeoppdrett og arbeidde i fleire år på Firda Settefisk sine anlegg i Botnane og Nordalsfjord. Dei er ein av tre grunneigarar som leiger ut areal til steinbrotet som kom i drift i 2007, og med inntekter der ifrå og med tilskot frå fylkeskommunen sin kystmidlar, fekk dei i 2009 på plass det 12 meter høge slippoverbygget.

– Eg var veldig skeptisk i starten då vi satsa, men eg sa at eg kunne prøve. Kvar sommar har eg arbeidd her på slippen og vore med på verkstaden, så eg kjende jo godt til arbeidet. Det har heldig vis gått bra, og no har vi travle dagar. Vi var spent på fjoråret om pandemien ville slå ut på drifta, men det blei et normalt år med høg aktivitet, forklarer Nina.

Nina (43) har sambuar og tre born og pendlar mellom Florø og Seljestokken. Familien har og eige hus på heimegarden som ho nyttar i periodar.

– Takka vere dei gode ordningane vi har med rutebåtane, fungerer det godt å jobb-pendle til Årebrot og Seljestokken. Vi er i land på Villevika klokka sju om morgonen og har då berre fem kilometer i bil, så er vi på plass på verkstaden. Eg skulle ha ønskt meg ein kystveg i ytre strøk når eg ser kor nært vi er Florø, seier ho.


– Sats på utkantane

Å drive bedrift i utkanten av kommunen krev god planlegging. Berre ein dag i veka får dei levert pakkar, eller så må dei nytte rutebåten eller eigen båt. Utstyr og deler til båtane som er inne for vedlikehald og service må bestillast så tidleg som mogleg.

–Samanlikna med ei bedrift i Florø, så er det jekla tungvint å drive her. Vi må planlegge og ha deler på lager til ei kvar tid. Ein kan ikkje berre hive seg i bilen og køyre til Solheim Diesel og plukke med seg det ein treng. Her blir vi meistrar innan logistikk og tolmod.

Når Nina skal ha inn servicefolk med rutebåten, til dømes elektrikarar og røyrleggarar, er det ei utfordring at det berre er plass til fire bilar på båtane.

– Med den pendlartrafikken vi har no, så vert det fort oppbestilt. Vi brukar i dag mobilt breiband for å kome på nett og er avhengig av sendaren på Hovden. Det er ikkje optimalt. Fell den ut, noko som skjer i blant, så er vi avkutta frå omverda, så vi er sårbare, forklarar Nina.

Frå kontorvindauget sitt kan Nina nyte utsikta vestover mot Barekstad og Hovden. Landskapet her ute er ope og har dei særmerka buktene og vikene langs med land. Frå Villevika og nordover ligg det ei rekke hytter og fritidsbustader. Nina er engasjert i bygda og var tidlegare leiar i grendelaget. No sit ho i styret.

– Det har blitt ein miks av hus og hytter om kvarandre, og i dag nyttar fleire feriebustaden til heimekontor. Vi har felles grendelag med Botnane som ligg i Bremanger kommune. Vi jobbar med å få på plass fiber og utbetring av vegnettet som er nedslite og prega av tungtransport, konstaterer ho.

Steinbrotet er ein viktig arbeidsplass som sysselset om lag 25 personar i dag.

– Takka vere pendlarane, så vil eg tru at Villevika er eit av stoppa på rutebåten som har positiv utvikling, seier Nina.

Tidlegare hadde dei skule og barnehage på Årebrot, men den vart lagd ned i 2011. No er det grendelaget som eig og driftar bygget. Forsamlingslokalet som vart bygd som skulehus i 1985, er møteplassen i bygda som vert nytta til fest og basar.

– Eg vil at kommunen skal satse og bruke pengar på oss her ute i distriktet. Det provoserer meg vanvitig at politikarane legg ned grendeskular for å spare pengar og at dei ikkje forstår kor viktig dette er for oss. Vi treng ein skule og barnehage for at lokalsamfunnet skal fungere, elles så får vi ikkje tilflytting. Vi hadde skule og barnehage her på Årebrot, men det vart for få elevar og då er det logisk å leggje ned. Er det for få elevar må ein akseptere det, men når det ikkje er det som er argumentet, då tenker eg at politikarane gjer ein stor feil. Med dei skatteinntektene ein får frå oppdrett, er det minste ein kan gjere å halde ope skulane, seier ein engasjert Nina Seljestokken.


Levere til rett tid

Opp frå maskinrommet på nok ein Viksund-sjark inne til ombygging, kjem far til Nina, Torleif. Han har vore i arbeid på Seljestokken heile sitt yrkesliv. No er det dottera Nina som er sjefen og har ansvar og kontroll på drifta.

Korleis har det vore å drive bedrift på Årebrot?

– Her er ein fredeleg plass, og vi får jobbe i ro. Ingen klagar om ein arbeider på ei merkeleg tid av døgnet. Vi har stor aktivitet for tida så eg brukar å ta meg ein pause på ettermiddagen før eg jobbar vidare utover kvelden med førebuing av neste dags arbeid. Vi må passe på å vere i rute på levering, og det blir det kveldsarbeid av. Den beste reklamen er at vi er i stand til å levere ferdig arbeid, og vise at vi kan hive oss rundt og få ting gjort. Det er verdt mange annonsar i avisa, seier Torleif Seljestokken.

Torleif starta med kassespikring som gutunge og leverte sildekasser til Skaar i Måløy. Det var tronge kår på 1950–1960-talet og far til Torleif, Norvald, var ein allsidig handverkar og tok på seg mindre reparasjonsoppdrag i tillegg til det vere fiskarbonde.

– Eg kom tilbake etter utdanning og starta å arbeide i lag med far min. Det gjekk mange år før vi tok ut fast løn. Tidlegare tok vi ut løn når ein båt vart levert, og det blei fire-fem båtar i løpet av ein vinter. Åra har gått og vi har bygd oss opp steg for steg. Eg er no med på å legge til rette og finne løysingar i arbeidet. Ho Nina administrerer og det gjer ho med liv og lyst, så dette går bra, smiler Torleif Seljestokken.

Bildeserie

Båtverkstaden på Seljestokken

Lærlingane frå byen

For to år sidan var Nina Seljestokken i kontakt med Flora vidaregåande skule for å høyre om dei hadde nokre lærlingkandidatar.

– Eg høyrde ikkje noko frå dei på fleire veker, men plutseleg ein dag fekk eg melding om at dei hadde fleire elevar som ikkje fekk seg læreplass og som ville kome på intervju. Vi fekk på plass to lærlingar med rett bakgrunn, og det har vore heilt supert for oss. Dei pendlar frå Florø kvar dag og er verkeleg pliktoppfyllande, fortel Nina Seljestokken.

Lengst inn i eine verkstadhallen jobbar Goitom Gebrekal Tekle (29) med støyping av glasfiberplater. I kledd vernemaske rullar han tolmodig ut lag på lag med polyester. Han tek av seg vernemaska og med eit breitt smil får vi ei omvising i lokalet. Han er ein av dei to lærlingane som til sommaren er ferdig med læretida og då kan gå opp til fagprøve.

– Eg kom åleine til Norge og Haslemoen mottak som flyktning frå Eritrea. I 2013 fekk eg plass på asylmottaket i Kalvåg og då fekk eg etter kvart grunnskuleutdanning. Seinare gjekk eg to år på TIP-linja på Flora vidaregåande skule før eg kom ut her på Seljestokken som lærling. Det har gått greitt, vi har variert arbeid og eg trivast å jobbe med båt, seier Goitom.

Han har eit håp om at fleire av venene hans som ikkje har fått lærlingplass skal få denne billetten inn i det norske arbeidslivet.

– Bedriftene skal ikkje kvi seg på å tilsette innvandrarar. Mange er sterke og har vakse opp under harde kår, og dei kvir seg ikkje på å ta i eit tak når det trengst, poengterer Goitom.

No jobbpendlar han til Florø kvar dag, og til liks med dei fleste på båtverkstaden, kjem han sjøvegen til arbeid.

Kommentarer til denne saken