Det var fem søkarar til jobben som Siv Aardal sin erstattar i barnehagen. Steindal startar i stillinga 1. juli, då Aardal går av med pensjon.

Det er langt ifrå ein ukjent arbeidsplass for den nye styraren.

– No har eg vore assisterande styrar her i 10 år, og eg har jobba i Storevatn sidan 2007. Og eg trivast veldig godt her. Det er veldig kjekt at eg får denne tilliten, og eg håpar eg kan gjere ein god jobb, seier Steindal.

Ho gler seg til å ta fatt på nye oppgåver som tenesteleiar i barnehagen, som har fem avdelingar og 20 tilsette.

– Eg ønskjer å utvikle barnehagen i tråd med dei tilsette sine tankar og med Kinn kommune sine strategiar, seier ho.

Det var aldri planen hennar å bli ein del av barnehageadministrasjonen. Då ho starta i barnehagen var ho pedagogisk leiar på friluftsgruppa. Men då hennar eiga dotter skulle ta til på den såkalla «utegruppa», ville Steindal ha andre oppgåver i barnehagen.

– Tilfeldigvis vart stillinga som assisterande styrar lyst ut då, og eg søkte. Det var absolutt ikkje planen at eg skulle «inn», men eg har treivst veldig i rolla, og no sit eg her, smiler ho.

Ein god gjeng

Ein av utfordringane Steindal no ser, er at det forsvinn ein god del erfaring og kompetanse ut av barnehagen. Frå å ha vore ein svært stabil arbeidsgjeng med lite utskiftingar, er ein no i ei tid der fleire av veteranane pensjonerer seg.

– Vi har vore ein stabil arbeidsgjeng, og eg har rekt å bli godt kjent med alle. Men no er det vel fire tilsette som har varsla at pensjonsalderen nærmar seg, og totalt er det då ti tilsette som har slutta ved naturleg avgang på få år. Då forsvinn det mykje kompetanse, kultur og kunnskap ut dørene, fortel Steindal.

– Men samstundes får ein jo då inn nye krefter, noko som også er positivt. Her er ein god gjeng, med mange som vil mykje, og med mykje pågangsmot og kunnskap, så dette blir bra!, legg ho til.

At den Flora kommune som ho i si tid vart tilsett i har blitt Kinn, det ser ho på som positivt for oppvekstsektoren.

– At vi no er Kinn oppvekst, det er berre berikande. Vi har to kommunale barnehagar i nordre del av Kinn som vi samarbeider med. Og det har berre vore positivt! Både vi og dei trivst kjempegodt med eit nytt og større barnehagenettverk, seier Steindal.

Ny assisterande styrar

Når Steindal rykker opp, må barnehagen finne ein erstattar for henne.

– Mi stilling skal lysast ut, og då håpar eg det kjem mange søkarar. Eg håpar å få ein assisterande styrar som eg kan diskutere ope og ærleg med, som ikkje er ei nikkedokke. Gode diskusjonar og ulike perspektiv og meiningar er utviklande, og gode folk i leiinga er viktig for kvaliteten på heile barnehagen, meiner ho.

– Er det noko spesielt du har tenkt at du vil endre på når du vert øvste leiar?

– Det kjem nok ikkje til å bli revolusjonerande endringar. Som leiar kjem eg til å vere synleg og tilgjengeleg for både barn og vaksne, og ha fokus på god kommunikasjon. Og Storevatn skal framleis vere den gode, trygge barnehagen den er. Eg trur verken dei tilsette, barna eller foreldra kjem til å merke så mykje forskjell. Ja, ikkje dei første vekene i alle fall, ler Steindal.

Bildeserie

Sjå glimt frå Storevatn barnehage

Kva vil dei folkevalde med barnehagane våre?