Gå til sidens hovedinnhold

Nils Petter Molvær spelar live på Vesle Kinn – og på Firdaposten.no

Vesle Kinn er utseld, men Firdaposten streamer konserten. Vær obs på at den ikkje blir liggande ute i opptak, du må sjå direkte.

Nils Petter Molvær har vore med på å vinne ikkje mindre enn sju Spellemannsprisar. Fire som soloartist, tre som medlem av bandet Masqualero. Det er med andre ord ikkje nokon kven som helst som står på scena på Vesle Kinn torsdag kveld.

Respekterte artistar

Han platedebuterte i 1997 med albumet «Khmer» på det tyske plateselskapet ECM. der han var tidleg ute med å kombinere jazz med elektronisk musikk. Plata selde i bøtter og spann i Europa, og gjorde Molvær til ein ettertrakta solist både heime og ute i den store verda. Men slikt har det blitt mindre av på grunn av koronaviruset. Det betyr at Florø-publikummet får ein unik sjanse til å sjå og høyre Molvær i ein svært så intim setting.

På grunn av smittevernreglane er det svært avgrensa kor mange det er plass til på Vesle Kinn under eit slikt arrangement. Drygt 20 menneske har vore så heldige å fått tak i billettar. Dette hadde ikkje vore mogleg utan korona-støtte.

– Dette er finansiert av Kulturrådet, som ein del av stimuleringsordninga til kulturlivet. Vi har sett saman ein konsertserie med fleire respekterte artistar som skal spele på små kulturscener på Vestlandet. Vesle Kinn slo til på strak arm då vi spurte, og selde ut billettane på få minutt, fortel Gaute Singstad i Kalleklev management, som arrangerer konserten i samband med Vesle Kinn.

Alt blir bra

Konsertserien har dei kalla for «Alt blir bra». Artistane som er med er Ketil Bjørnstad, Nils Petter Molvær, Jørgen Sandvik, Rebekka Bakken, Eivind Aarset & Jan Bang, Knut Reiersrud & Iver Kleive, Nils Økland & Sigbjørn Apeland, Trygve Seim og Erland Dahlen. Dei spelar på stader som Café Opera i Bergen, Ogna Scene i Rogaland, Vesle Kinn i Florø og Larris i Førde, Spor 5 i Stavanger, Kunsthuset Kabuso i Øystese og i Domkyrkja i Bergen.

– Vi som driv med verksemd knytt til kultur har ikkje hatt vårt beste år, det er sikkert. Men godt sal i ei tid når mange vegrar seg for å gå på konsertar gir grunn leggje svartsynet til side. Publikum saknar opplevingane. Med konsertserien «Alt blir bra» håper vi å kunne bidra til gode musikkopplevingar i det som har vore eit krevjande år for oss alle. Betre tider kjem. Alt blir bra, forsikrar Singstad.

Konserten på Vesle Kinn er altså utseld, men du har likevel høve til å få med deg konserten. Firdaposten har nemleg fått lov til å streame konserten direkte her på Firdaposten.no. Vi kjem til å legge ut link til konserten i god tid før den startar.

Molvær spelar dessutan på Larris i Førde på fredag, og i skrivande stund er det framleis billettar igjen til den konserten.

Vær obs på at i motsetnad til det aller meste av det vi streamer på Firdaposten vil konserten med Molvær ikkje bli liggande som opptak etter at konserten er ferdig. Har du tenkt å sjå konserten må du sjå den direkte.

Kommentarer til denne saken