Nils Myklebust: "Utruleg nedlatande og respektlaust"

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I eit ope brev i Fjordenes Tidende går varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp) til angrep på Ola Teigen og Terje Heggheim. Myklebust sit også i fellesnemnda for Kinn kommune.

DEL

LesarbrevTil Ola Teigen og Terje Heggheim

Har sett videoopptaket frå kommunestyre i Florø.

Dersom Florø sine talsmenn og kvinner trur at motstanden i Vågsøy ang. Kinn kommune minker med ein slik framgangsmåte, så trur eg dette kan vere ei svært stor feilvurdering.

Har fått mange førespurnader som beskriv dette som utruleg nedlatande og respektlaust.

At prosjektrådmannen reiser til Oslo for å motarbeide eit vedtak i Vågsøy kommunestyre er berre heilt utruleg.

Burde ikkje alle Fellesnemnda vore kontakta før ein på vegner av nemnda ber om eit slikt møte?

Sjelden så har vi sett så mangel på respekt for folket i Vågsøy. 

Både du Ola og prosjektrådmannen bør snarast ta inn over dykk at dokke har eit stort ansvar for at folket i Vågsøy er vorten overkøyrde av eigne politikarar, dokke har oppfordra til det, om ikkje Heggeheim, så har iallfall du Ola Teigen gjort det.

Dere må også ta innover dokke at Vågsøy kommunestyre vedtok intensjonsavtalen med Kinn som det einaste kommunestyre i heile Norge som valte å ikkje følge tilrådinga frå anten folkeavrøysting elle innbyggarhøyring. Då vil eg minne dokke på kva Direktøren i Sparebanken Vest Jan Erik Kjerpeseth sa i Bergen « skal ein lukkast med store endringar, så er det ei forutsettning at ein har folket med seg» men det har du vel gløymt.

Når du Ola fekk spørsmål frå ein av representantane om korleis du ville stille deg om det i folkerøystinga i Vågsøy skulle verte Nei til Kinn og om du ville respektere det og arbeide for at Kinn ikkje vart noko av?

Då svarte du « det har eg overhovud ikkje tenkt å gjere» Då spør eg, er det dette som folket i Vågsøy har i vente i framtida? At ordføraren i Kinn ikkje overhovud vil ta omsyn til folket Vågsøy? Er det slik vi kan tolke ditt utsegn?

Her var det ikkje mykje raustleik å finne, kunne arroganse.

Mvh

Nils Myklebust

Varaordførar i Vågsøy.

Artikkeltags