Jonas Gahr Støre si nyslåtte regjering lenar seg tungt på statsrådar frå aust og midt i landet. I sør står ein heil landsdel utan statsråd.

– Dette er dramatisk, seier gjestekommentator i Stavanger Aftenblad Trond Birkedal til NRK Vestland. Støre får med seg 18 statsrådar i regjeringa, ti kvinner. Agder, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og heile landsdelen Sørlandet står heilt utan statsrådar i den påtroppande regjeringa.

Halvparten av statsrådane kjem frå Oslo, Akershus og Hedmark.

I Sogn og Fjordane hadde Senterpartiet over dobbelt så høg oppslutnad som i resten av landet. Det gir likevel ikkje utteljing i form av nøklar til eit departement.

– Det er ein skuffelse, seier sogning, senterpartist og eksstatsråd Liv Signe Navarsete.

(©NPK)