Gå til sidens hovedinnhold

Ni nye smitta i Stad

Smitteutbrotet i Stad kommune veks.

Tysdag morgon melder Helse Førde via sine nettsider om ni nye smittetilfelle av Covid-19. Det er Stad som er prøvetakingskommune, og det skal vere analysert til saman 272 prøvar.

Måndag kveld informerte stadordførar Alfred Bjørlo om situasjonen, og kunne då fortelje at 170 personar var blitt testa måndag, og at omfattande testing skulle halde fram i dag, tysdag. Måndag kveld var status 13 bekrefta smitta i Stad, og ni av desse var frå same husstand. Totalt 200 personar var sett i karantene.

I tillegg kjem omkring 65 elevar ved Eid ungdomsskule og eit større tal husstandsmedlemmar som er i «ventekarantene» dei næraste dagane.Blant dei som måndag hadde fått påvist smitte, er ein elev i ei ny klasse ved Nordfjordeid skule og ein elev i ei klasse på Eid Ungdomsskule. Alle elevane i desse to skuleklassane vert definert som nærkontaktar og vert sett i karantene. Kommunen kontaktar i kveld føresette til dei elevane dette gjeld. Elevane vil verte testa tysdag.

– Svar på denne testen vil ligge føre onsdag kveld, fortel Bjørlo.

Alle dei påviste smittetilfella i saka kan koplast til kvarandre, men ein har framleis ukjent smitteveg til opphavet til utbrotet. Det er ikkje kome svar på om det dreiar seg om ein mutert virustype.


Kommentarer til denne saken