Ni nye korona-tilfelle

Helse Førde melder om ni nye korona-tilfelle torsdag. Det er enno eit nytt tilfelle i Kinn.

DEL

Torsdag 19. november analyserte Helse Førde 331 korona-prøver. Ni av desse viste seg å vere positive, melder helseføretaket.

Tilfellene er frå kommunane Kinn, Stryn, Stad, Gloppen og Sunnfjord.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale seier til Måløy24 at det er eitt nytt tilfelle i Kinn, nærare bestemt i Måløy.

Dette er ein nærkontakt av ein person som har blitt smitta etter utbrotet i Stad kommune: Kyrkjetilsette i Nordfjordeid koronasmitta

Dette er tredje dag på rad med positive tilfelle i Kinn kommune, dei fleste av dei kjem frå Stad-utbrotet. Tre nye korona-tilfelle i Kinn

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken