Ni miste livet i trafikken i august

Til saman har 69 omkomme på vegane i år - fire fleire enn i fjor.

DEL

Det opplyser Trygg Trafikk.

27 menneske har døydd på norske vegar i årets tre sommarmånader.

– Det har vore mye fokus på å ta omsyn til kvarandre i samfunnet den siste tida, men dessverre kan vi ikkje sjå at det blir gjenspegla i trafikken, seier Tori Grytli, fagsjef i Trygg Trafikk.

Politiet har gjennom sommaren gjennomført ei rekkje kontrollar og har registrert ein auke i tal førarkortbeslag for mellom anna høg fart.

– Mykje tydar på at mange har brydd seg lite om fartsgrensene og har heller vore opptekne av å komme seg raskast mogleg fram denne sommaren. Tilbakemeldinga frå UP er nedslåande og trist. Tala viser at vi må gjere endå meir for å bevisstgjere sjåførane om deira viktige ansvar. Vi ser ein nedgang i talet mjuke trafikantar som misser livet, men ein auke i tal bilistar og mc-førarar som omkjem, seier Grytli.

I løpet av sommaren har 14 menneske mist livet på MC, 9 bilførarar, 3 bilpassasjerar og ein på sykkel. Grytli seier det uroar dei at halvparten av dei omkomne i sommar har vore MC-førarar.

– Sjølv om det har vore ein stor auke i tal selde MC-ar dei siste åra, er MC framleis eit køyretøy som utgjer berre ein brøkdel av totalen, peikar ho på, men legg til at dei likevel er meir utsette når noko først skjer.

Til saman har 18 MC-førarar mist livet i trafikken i år - 11 i eineulykke, seks i møte ulykker og ein i annan type ulykke.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken