Ni av ti jobbsøkarar vil byte bransje for å få jobb

ARBEIDSLIV: Det viser tal frå ei ny undersøking.

DEL

Koronasituasjonen fører til at fleire er villige til å byte bransje eller flytte på seg for å betre sine jobbmoglegheiter. I undersøkinga, som er gjennomført av rekrutterings- og bemanningsselskapet OSM People, svarar heile ni av ti jobbsøkarar (93 prosent) at dei er opne for å byte bransje.

823 respondentar frå heile landet som svarte på undersøkinga, viser stor fleksibilitet for å sikre seg sin neste jobb. Når det kjem til spørsmålet om å flytte dersom den rette jobbmoglegheita dukkar opp, stiller sju av ti jobbsøkarar (70 prosent) seg positive til dette. Det er jobbsøkarane på Austlandet som er mest flyttevillige; der svarar 78 prosent av dei spurde at dei vil vurdere dette. Tilsvarande er tala for Midt-Norge og Vestlandet 67 prosent.

Den auka fleksibiliteten hos jobbsøkarane gjer det lettare for næringslivet å få tak i dyktige medarbeidarar.

– For bedrifter med bemanningsbehov er det no gode moglegheiter for å tiltrekke seg kompetente og fleksible medarbeidarar, seier Eirik Steen Nøding, daglig leiar i OSM People.

I undersøkinga kjem det fram at ni av ti jobbsøkarar meiner at dei har kompetanse som kan brukast i andre bransjar.

– Det er positivt og interessant at så mange anser sin eigen kompetanse som relevant i andre bransjar, seier Nøding.

Undersøkinga blei gjennomført blant jobbsøkarar som er registrerte i kandidatbasen hos OSM People, mellom 21. og 24. april i år.

Artikkeltags