Administrerande direktør i Paneda AS Geir Gjørsvik let seg begeistre då han og resten av styret i NHO Sogn og Fjordane var på studietur i Brussel i haust. No håpar han at andre bedrifter kan få opp auga for støtteordningane i EU når NHO arrangerer Europadag på Skei i Jølster 16. april.

Paneda eig og driftar mellom anna 200 TV-sendarar i Norge. Nyleg vann den lokale verksemda Paneda DAB ei stor kontrakt på å oppgradere 22 tunnelar i Oslo-området frå FM til DAB-kringkasting med naudinnsnakk. No har selskapet 40 tunnelar i Norge som har og skal ha Paneda sitt kringkastingssytem.

- Studieturen til Brussel var svært interessant. Vi fekk innsikt i korleis EU eigentleg fungerer, og blei orienterte om kva mulegheiter norske bedrifter har til å få draghjelp til å utvikle nye produkt, finne samarbeidspartnarar og få detaljert kunnskap om den europeiske marknaden.

Når NHO Sogn og Fjordane inviterer næringslivet til europadag, er det for å inspirere fleire til å utvide horisonten.

- Vi opnar dagen med europaminister Vidar Helgesen, og følgjer på med norske aktørar i Brussel, bedrifter, og innlegg frå mellom anna Innovasjon Norge og Forskingsrådet, som jobbar spesielt opp mot ulike EU-program, der norske bedrifter kan ha mykje å hente i form av midlar. Vi har ressursar i fylket som hjelper bedriftene med søknadsprosessen i den samanheng, og det er viktig at vi får vist fram disse, seier regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane Jan Atle Stang.

Det var spesielt EU-programma og støtteordningane som imponerte Geir Gjørsvik, og han håpar fleire vil sjå mot potten på svimlande 80 milliardar euro, som ligg i EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020.