Jan Atle Stang, tidlegare redaktør i Firdaposten, no regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, flyttar frå fylket.

NHO i Hordaland og Sogn og Fjordane vert slått saman til eit nytt regionkontor frå august av. 

Då startar Stang i ny jobb i Oslo som sjef for internkommunikasjon i NHO. Tom Knudsen, dagens regiondirektør i NHO i Hordaland, vil då ta over som direktør for den nye samla regionen.

Ny vestlandsregion

Sogn og Fjordane og Hordaland blir frå 2020 til Vestlandsregionen. NHO og regionkontora våre i dei to fylka har jobba for ei slik regiondanning, og vil gå føre og allereie frå august i år blir den nye NHO-regionen etablert. Ei slik organisering meiner vi vil tene både næringslivet og arbeidslivet elles på Vestlandet, skriv NHO i ei pressemeding.

- Eg er glad for at NHO viser i praksis at vi som organisasjon tek regionreforma på alvor, og at vi gjer grep som er framtidsretta og som vil styrke arbeidet vi skal gjere ut mot medlemsbedriftene våre. Det å kople seg opp til ein større og sterkare fellesskap meiner eg vil gje positive utslag for medlemsbedriftene våre, seier Jan Atle Stang.

Styra i dei to fylka vil halde fram som i dag, med Tom Knudsen som sekretariat inntil noko anna blir bestemt. Det blir også lagt opp til ein del felles styremøte mellom NHO Hordaland og NHO Sogn og Fjordane. Dette for å styrke samarbeidet og for at styra skal få kjennskap til kvarandre sine utfordringar og mulegheiter.

- Det har vore ei spennande tid og ein svært gjevande jobb å vere regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane. Målet har vore å gjere ein optimal jobb for medlemsbedriftene, samt gjere NHO meir synleg både for ålmenta og medlemmene i fylket. Det meiner eg vi har greidd, ikkje minst takka vere ein fantastisk dyktig stab ved kontoret i Florø som har stått hardt og målretta på for dei 750 medlemsbedriftene våre, seier Stang.

Framleis Florø-kontor

NHO skal framleis vere representert i heile Vestlandsregionen. Kontoret i Florø er viktig og vil sjølvsagt bli oppretthalde med minst to medarbeidarar, melder arbeidsgjevarforeininga.

Regiondirektør Tom Knudsen vil tiltre relevante fora i Sogn og Fjordane på linje med Hordaland. Det betyr at regiondirektøren vil delta på dei arenaer som er viktige i begge fylka, t.d. innan området fagopplæring.

- Eg gler meg til igjen å samarbeide med NHO sine medlemsverksemder, tillitsvalde og tilsette i Sogn og Fjordane, seier Tom Knudsen. Han fungerte som regiondirektør i Sogn og Fjordane i eitt år før Jan Atle Stang blei tilsett.

Grep for å stå sterkare

NHO ønskjer å gjere desse grepa for å kunne utføre ein endå betre jobb for medlemene sine, samt stå fram endå sterkare i samfunnsdebatten og dermed vere meir i takt med utviklinga i samfunnet, uttalar NHO.

Omorganiseringa, som trer i kraft 1. august 2017, skjer etter dialog tillitsvalde i begge dagens fylke/regionkontor.

NHO Hordaland og NHO Sogn og Fjordane har allereie eit tett samarbeid, og deler på fleire funksjonar innan til dømes reiseliv, sal/marknad, arbeidsgjevarservice,  leverandørutvikling/offentlige innkjøp og Ringar i Vatnet. Namnet på den nye NHO-regionen vil bli bestemt når det offentlege har avgjort namnet på vestlandsregionen.