NHO reagerer kraftig på kommunikasjonen til regjeringa om den nasjonale skjenkjestoppen.
I eit intervju i Dagbladet i helga signaliserte finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at han ønskjer å opne kranene.
– Dersom det ikkje kjem tunge faglege råd som avrår det, så må vi lempe på skjenkjestoppen denne veka. Normalen må vere å ha eit så ope samfunn som mogleg. Målet er opne kraner, sa han.
Kva dei faglege råda faktisk seier, og kva regjeringa til slutt vil bestemme, er i det blå.
Det får arbeidslivsdirektør Nina Melsom i NHO til å stille spørsmål.
– Dersom det finst oppdatert informasjon og nye helsefaglege råd, så er det uhøyrt å vente ei heil veke med å dele dette med bransjen og oss. Då bør skjenkjestoppen endrast eller blir omgåande oppheva, seier Melsom til NTB.
– Om det derimot ikkje finst nye helsefaglege råd, er det veldig uheldig at regjeringa skaper ei forventning om å oppheve skjenkjestoppen, legg ho til.
Inntil vidare gjeld skjenkjestoppen til 14. januar. NHO åtvarar mot å la den vara lenger enn nødvendig.
– Skjenkjestoppen er eit inngripande tiltak, og for bransjen er det sånn at kvar einaste dag tel. Dersom regjeringa sit på kunnskap og har fått smittevernfaglege råd, så må vi og bedriftene få vite om det.
(©NPK)